Hei!
Ei lita helsing frå eit litt regntungt fjordlandskap. Familien Bella har hatt nokre fine dagar på fjellet der vi kafsar med å bygge på hytta. Likevel blir det jo tid til ein og annan spasertur i fine sunnmørsfjell. Legg ved nokre fine biklete teke ved Nysætervatnet i Sykkylven. Bella kosar seg og dreg i bandet som ein bulldosar. Mange lukter og inntrykk som skal behandlast. Ein og annan skeptisk sau har vi også møtt på...
Vi får utruleg mange kommentarar på kor vakker Bella er, og kjenner oss svært stolte, som om vi skulle vere det biologiske opphavet til nurket.
Elles ser vi at andre har registrert heftig kløe både her og der, og vi kan rapportere om akkurat det same. I dag fann vi ein flått på henne, og har funne tida inne for ein ny runde med flåttmiddel (Frontline) i pelsen. Vi snakkast!
Nils Einar + resten i Kompani Bella
Ho er blitt utrolig vakker. Håper vi sees en gang om ikke så lenge. Vil treffe igjen lille nurket =)
SvarSlettja ho er ei vakker frøken på snart 13 kg, har blitt så fort stor. Veldig god matlyst og masse energi. Når vi var på fjellet viste ho at ho hadde svært så god utholdenheit på spennande turar i vatn og terreng, litt mindre utholdande på asfaltturar.. Har hatt 2 dagar uten tissing inne, istad skjedde det igjen og eg tok ho ut. Det kan ha litt å seie at det er eit lite stykke før ho kjem til marka og ho blir lett avleda på vegen og kan like godt kome inn igjen før ho har nådd marka og gjer frå seg inne ( store søyler så det er vel lite trulig nokon urinvegsinf.)
SvarSlettNo reiser vi til huset på e.øya og blir der til onsd. Torsd. reiser vi til Bergen for å innstallere Karoline på hybel, Bella blir heime og får delt pass av bestemor og Ingvild. Over neste helg hadde det vore fint om vi fann ein dag der vi kunne treffast saman med Luna og fam. Det hadde vore veldig kjekt - kanskje få eit lite minikurs. Har forressten meldt oss på kvalpekurs, håper det blir bra. Sommarhelsing frå May- Jorunn og Bella som akkurat no står på ikea krakken med snuten langt inn i kjøleskapet sammen med makker Jenny for å finne litt leverpostei:)
Så herlig :) Og for noen fine bilder..
SvarSlettSer ut til at Bella koser!!
Og lykke til på valpekurs -vi gleder oss veldig til vi starter opp i aug.