Hallo ifrå Bella og fam. i Sykkylven.
Alltid mange som vil helse på Bella. Her frå landsleiren til speidarane.
Kjkt og interessant å høyre ifrå dokke alle. Ser at det er omtrent dei same tinga vi lurer på og jobber med så då er vi vel nokonlunde på rett veg alle saman får vi tru.

GrillfestEr ganske " sjokkert" over kor fort ein kvalp veks, Bella er no ca. 10.5 kg. Ho har god matlyst, ser ut for at ho kan tenke seg meir enn oppmålt porsjon, får litt VOM hundepølse i tillegg til tørrforet - nam nam..

Bella er ganske så aktiv og ein skikkelig utehund. Ho kan sleppast ut gjennom altandøra og boltre seg fritt på eit ganske stort inngjerda område, på varme dager grev ho seg ned i singel og sand eller ligger i blomsterbeddet og svaler seg ned. Har vore å svømt i ferskvatn og såg då ut som ei rotte med afrosveis!?
Bella er veldig sosial og vil gjerne helse på alle - litt voldsomt med hopping og slikking, vi prøver å dempe litt med å ikkje gi ho respons føt ho har roa seg, er rask med å legge seg på rygg for å bli klødd på magen - då er ho kjempesøt...
Leiken er blitt tøffare ettersom ho er blitt større og sterkare og tennene merkast ja! Særlig når ungane leiker med ho kan det bli litt tøffe tak. Hjelper med timeout på rygg og avslutte før ho blir heilt tulen. Ungane synest også det er kjekt å trene med godbiter. Er blitt ganske flink til sitt og ligg. Innkalling litt varierande etter kva ho er oppteken av, men kjem oftast etter kvart..
Øver på å sitte og bli og Nils Markus prøver å få ho til å rulle rundt, med Jenny får ho til å snuse opp godbiter som ho gjøymer og gå gjennom rokkering - flott!
Bella søv i buret med attleten dør på eige rom, no er det stilt frå vi legg ho og til morgonen, det er vi kjempefornøgde med, men prøver seg med litt sutring når det er nokon som ikkje legg ho så ofte. Ser for meg at burdøra kan opnast etterkvart og det kan fungere med berre grind på døra til rommet men først må ho slutte å tisse inne - trur eg, det har ho nemlig ikkje slutta med endå.
Er litt usikker på korleis vi skal gjere det når ho blir meir heime åleine om det er lurt å ha henne i buret eller kva. Er litt redd for kva ho kan finne på hvis ho skal gå rundt på eit større område. Ho finner alt mulig å tygge/ete på, fargeblyanter og småting av alle slag, der er umulig å holde huset fritt for alt, kjem seg lett opp i høgda med å strekke seg på to, ganske lur ja.
Tissetrening er som sagt ikkje heilt i boks, blir fort eit uhell om dagen. Det har nok litt med at vi er mange som skal passe henne og enkelte er nok ikkje så observante som en bør vere på signal som ho gir. Dessutan blir ikkje søvn og aktivitet så regulert heller når mykje skjer i fam. men har tru på at det ordner seg etterkvart.
Bella er med oss på det meste, sommerbesøk, grilling, turer i nærmiljøet. Blir stadig flinkare å gå i sele men går vel ikkje heilt ved fot endå. Vi har vore på dagstur på stor speiderleir - og mange ville klappe og helse på - fin trening som ho takla kjempebra. Mange lurte på om det var elghung eller keeshund? og Bella sjarmerte så klart alle mann.
Møter av og til nye hunder, ein like gammal border collie bor i samme gate, Bella var nok litt tøffare enn denne men vi skal fortsetje å møtest. Ser fram til kvalpekurs til hausten.
Pusen i huset bor fortsatt i garasja, dei nærmer seg men Bella er litt for ivrig etter pusen sin smak. Ser ut for at tilnærminga går best når eg ikkje er der, når eg viser meg blir Bella endå meir vill. Kanskje det er best å la dei ordne opp sjølve!?
Har måtte jobbe ein del iforhold til kloklipping som no går greit når ein held ho sitjande på rygg og eg klipper med godbiter til belønning, vi tek bak og framme annakvar veke så vi øver litt kvar veke, like mykje for min egen del slik at eg blir vandt til dette.
Igår var vi på bursdagsbesøk i fam. og Bella låg i buret i bilen og fikk lufteturer innimellom - det gikk også fint. Vi har ikkje trent mykje på åleinetrening men opptil 2 timar har ho vore åleine i huset. Eg byrjar på ferie no så åleine livet byrjar ikkje på alvor endå men trene må vi . Når kvardagen er her i midten av aug. skal Bella vere åleine ca. 5 timar før førstemann kjem heim frå skulen, men lurer som sagt på om ho skal ver i bur eller kva.
Slit litt med å forstå bloggen, så de får unnskylde hvis layouten ikkje er heilt på høgde...
Men uansett: God sommer frå Bella og fam!